Skjøtselsplan for slåttemyr i Skárfvággi/Skardalen, Gáivuona suohkan/Kåfjord kommune
Samandrag
Naturtypen slåttemyr er vurdert som sterkt truga (EN) på Norsk raudliste for naturtypar frå 2018, og fekk i 2011 status som utvald naturtype (UN) med eit visst vern gjennom Naturmangfaldlova. På oppdrag for Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har Sállir natur utforma ein skjøtselsplan for ei tradisjonell slåttemyr i Skárfvággi/Skardalen i Gáivuona suohkan/Kåfjord kommune.
Myra kan klassifiserast som ei tradisjonell «sennagrasmyr», der høgvaksne storr (ofte kalla sennagras) vart tørka og brukt som isolasjon i skotøy. Myra ikkje har vore brukt på mange år, og sjølv om lokaliteten ber preg tilgroing av busksjikt og tresjikt i kantsonene, har myra framleis opne og intakte parti. Målet er å ta opp att den tradisjonelle bruken av slåttemyra. Skjøtselsplanen er utarbeid i samråd med Skardalen bygde- og kulturlag som skal skjøtte slåttemyra.
Sállir rapport 16: skjøtselsplan for slåttemyr, Skárfvággi.pdf