Reviderte skjøtselsplanar for slåttemarker på Hafsåsen og Røymoen, Sunndal kommune
Fjellgardane i Sunndal: Åsattløgu, Trøa aust, Trøa vestre del, Bortategjerde, Kristenstu og Utistu


Samandrag
Naturtypen artsrik slåttemark er vurdert som kritisk truga (CR) på Norsk raudliste for naturtypar frå 2018, og vart i 2011 utvald naturtype (UN) med eit visst vern gjennom Naturmangfaldlova. På oppdrag for Fylkesmannen i Møre og Romsdal fekk Sállir natur, som underleverandør for Miljøfaglig Utredning, i oppdrag å revidere skjøtselsplanar for seks slåttemarker på Hafsåsen og Røymoen i Sunndal kommune. Det var i 2020 åtte år sidan den fyrste skjøtselsplanen vart utarbeidd. Alle slåttemarkene er artsrike og verdfulle, der fire av dei er vurdert til verdi A (svært viktig), og to til verdi B (viktig).


Dei reviderte skjøtselsplanane legg opp til å vidareføre skjøtselen i alle seks slåttemarkene. Ved kapasitet kan ein rydde kantsoner med busker og tre. Ein bør prioritere å fjerne oppslag av ospekratt i fleire av lokalitetane ved å ringbarke ospa og hindre at det etablerer seg rotskot. Skjøtselsplanane er utarbeid i samråd med drivaren av slåttemarkene.


Sállir rapport 4: reviderte skjøtselsplanar Sunndal.pdf