Det siste året har det vore mykje fokus på det rike og mangfaldige kulturlandskapet på Reinøya i Karlsøy kommune, nord for Tromsø. Øya har svært store, samanhengande område med intakt kulturlandskap som er skapt gjennom langvarig, tradisjonell hevd med beiting, rydding og slått heilt tilbake til middelalderen. Denne veka besøkte vi Grøtnesodden som ligg på den sørlege delen av øya, der vi fekk sjå ugjødsla slåtteenger, naturbeitemarker og rydda heier (boreal hei). Sidan naturtypane er eit resultat av samspelet mellom menneska, dyra og naturen, kallar vi desse områda for semi-naturlege.

Slike areal blir stadig sjeldnare, og alle semi-naturlege naturtypar er vurdert som trua på Norsk raudliste for naturtypar. Det er særleg to tendensar i det moderne jordbruket som truar slike areal. Den eine er intensivering gjennom pløying, gjødsling og oppdyrking, og den andre er brakklegging som fører til gjengroing. Når det tradisjonelle kulturlandskapet går tapt, mistar vi også artar som er spesialiserte til å leve i desse områda. Eit rikt mangfald av insekt, plantar, sopp og fuglar blir råka av dette, og ein fjerdedel av alle artar på Norsk raudliste for artar er knytt til tradisjonelt kulturlandskap slik som vi finn på Reinøya. Derfor er kartlegging av desse naturtypane viktig, og i mange område blir det utarbeidd skjøtselsplanar for å sikre at dei tradisjonelle driftsformene blir vidareført. På denne måten kan ein hindre ytterlegare tap av kulturlandskap.

På Reinøya har det allereie blitt laga skjøtselsplanar for store areal med semi-naturleg natur mellom Nordeidet og Migarneset, i tillegg til område på Karlsøya rett nord for Reinøya. Området vi besøkte på Grøtnesodden er også svært aktuelt for kartlegging og skjøtselsplanar. Her vart det også funne beitemarkssoppar som er karakteristiske for tradisjonelle, ugjødsla enger. Det var ein flott haustdag i felt, med storslått utsikt til Lyngsalpane gjennom disen over Ullsfjorden.

Vi i Sállir natur brenn for det tradisjonelle kulturlandslapet, og har god kompetanse på kartlegging av kulturlandskap og utarbeiding av skjøtselsplanar. Vi har spesielt god kompetanse på dei nordnorske bruksformene, men tek oppdrag i heile landet. Gi oss gjerne eit tips dersom du kjenner til område som kan vere av interesse.



Personvern